Torsdag 7. november kjem vår tidlegare sambygding Anne Bjørke og fortel om bokprosjektet Strikkekraft. Her er det mykje å glede seg til, både for strikkarar og andre. Er du interessert i kultur- og industrihistorie, eller norsk ull og berekraft? Du vil sikkert få nokre aha-opplevingar i løpet av kvelden.
Du vil også få sjå 21 nye design for handstrikk - resultatet av eit samarbeid med 10 designarar, som alle har funne inspirasjon i maskinstrikka plagg frå Norlender Knitwear på Osterøy. Halvparten av designarane er norske, medan dei andre fem har røter frå Shetland, Frankrike, Ukraina, Estland og Nigeria. Det vil vere mogeleg å kjøpe boka og få den signert. Hjarteleg velkomne - med eller utan strikk!
Inngang: kr 100,- inkl kaffi/te og noko å bite i.
Betalast med Vipps til 514570.